Vennskap Jeriko-Lærdal (Jerikolaget) vart skipa 6. april 2000. Hovudverksemda er å arrangere reiser og elles halde kontakt mellom Jeriko og Lærdal, få til utveksling av erfaringar og kunnskap og elles arbeide for å utvikle banda mellom menneska i dei to vennskapskommunane.
Vennskapsavtalen
Signering av venskapsavtaleVennskapsavtala mellom Jeriko og Lærdal vart førebels underskriven av ordførarane Abed Al-Karim Sidr og Hans A. Tønjum, 12. oktober 1997. Avtala vart deretter samrøystes vedteken i kommunestyra i Lærdal og Jeriko, og endeleg signert av dei same ordførarane under Lærdalsmarknaden, 20. juni 1998.
Under Lærdalsmarknaden i 2023 var det 25-årsjubileum for vennskapsavtala. I den samanheng kom Abed Al-Karim Sidr, som også no er ordførar i Jeriko, til Lærdal saman med tre sambygdingar. Tidlegare ordførar Hans A. Tønjum, var også med på jubileumet.
Jeriko er Lærdal sin offisielle vennskapskommune, difor slår vedtektene til Jerikolaget fast at ordføraren og ein annan representant vald av kommunen skal sitja i styret for Jerikolaget. Dei andre styremedlemmene blir valde av årsmøtet i laget.
Besøk
Besøk i Jeriko i 2019Det fyrste besøket var då Lærdal formannskap besøkte Jeriko i oktober 1997 og vennskapsavtala vart førebels underskriven. Seinare har det i alt vore arrangert 25 reiser med 244 deltakarar mellom Jeriko og Lærdal. Alle ordførarane i Lærdal i denne tida har vore på besøk i Jeriko: Hans A. Tønjum, Olav Wendelbo, Knut O. Aarethun, Arne Sanden, Jan Geir Solheim og Audun Mo.