Kulturattraksjonar i Lærdal

Lærdal kommune er ein reiselivs- og kulturkommune som er rik på kulturminner og kulturattraksjonar. Gjennom året er det fleire store kulturhendingar som føregår både innanfor marknad, idrett og musikk.

Borgund stavkyrkje - Klikk for stort bildeBorgund stavkyrkje Ole Ramshus Sælthun

Borgund stavkyrkje frå ca. 1182 ligg på Borgund i Lærdal, og er eitt av dei best bevarte minnesmerka i landet. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen, og Lærdal sitt kommunevåpen er to stiliserte dragehovud frå stavkyrkja.

Løytnantsbryggja på Gamle Lærdalsøyri - Klikk for stort bildeLøytnantsbryggja på Gamle Lærdalsøyri Ole Ramshus Sælthun

Gamle Lærdalsøyri er eit unikt kulturmiljø med høg verdi både i lokal, regional og nasjonal samanheng. Strandstaden vart alt i 1970 regulert til spesialområde for bevaring med heimel i plan- og bygningslova. Eigen forvaltningsplan gjeld for området med buffersone. 

Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri er eit uavhengig, rådgjevande organ som skal kome med faglege råd og innspel i samband med byggesaker i verneområdet. Leiaren er oppnemnt av kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune.

Les meir om vernet av Gamle Lærdalsøyri ved å klikka på denne lenkja

Vindhellavegen - Klikk for stort bildeVindhellavegen Ole Ramshus Sælthun

Kongevegen over Filefjell og andre historiske vegar i Lærdal er flotte og til dels spektakulære. Imponerande ingeniørkunst kan ein sjå både i Vindhella og Seltåsen, og Kongevegen er eit spesielt satsingsområde. Lærdal kommune har eit godt samarbeid med Statens vegvesen i forvaltninga av dei gamle vegane i dalen.

Nasjonalt villakssenter - Klikk for stort bildeNasjonalt villakssenter Ole Ramshus Sælthun

Nasjonalt Villakssenter Lærdal ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Her kan du sjå levande laks i lakseobservatoriet og delar av den nye utstillinga i senteret. I filmrommet kan du sjå filmen "Kampen for livet" og utanfor senteret kan du sjå uteutstillinga om laksen, hans liv og utfordringar. 

Måleri av Hans Gjesme - Klikk for stort bildeMåleri av Hans Gjesme Ole Ramshus Sælthun

Sogn kunstsenter opna i 2011 og husar Gjesmesamlinga. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd.

I tillegg til den faste utstillinga er det varierande temautstillingar på Sogn kunstsenter.  

Lærdalsmarknaden - Klikk for stort bildeLærdalsmarknaden Ole Ramshus Sælthun

Lærdalsmarknaden er ein friluftsmarknad som er blant dei eldste i Noreg med røter tilbake til 1500-talet. Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. Sjølvsagt vart det då meir innbringande for bønder og handelsmenn å ha naust og sjøbuer her nede ved sjøkanten. 

Marknaden var og viktig for utveksling av kultur mellom bygdene og landsdelene og påverknad generelt utanfrå. Ungdom og tenestefolk strøymde til for moro og fest. Spelemenn frå Hallingdal og Valdres, møttest med spelemenn frå vestlandet. (Kjelde: Lærdal bygdebok IV Heim og ætt, Lærdal kommune, 2001)

Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje heile helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november

Telegrafen - Klikk for stort bildeTelegrafen Ole Ramshus Sælthun

Lærdal post- og telemuseum ligg i bygningen “Telegrafen” akkurat i skjeringspunktet mellom Gamle Lærdalsøyri og sentrumskjerna. Museet held vanlegvis ope dagleg i juli frå kl. 11 - 16. 

Telegraf- og telehistoria  i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. Norsk Telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Maihaugen folkemuseum på Lillehammer er ansvarleg for ei interessant posthistorisk utstilling i same lokale.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”. 

Kontaktkort

Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E.
Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E.