Telegrafen - Klikk for stort bilde Telegrafen Ole Ramshus Sælthun

Borgarleg vigsel

Ved borgarleg vigsel er det kommunen som gjennomfører vigselen.

Ordførar og varaordførar har vigslerett etter lova, og i Lærdal er denne retten ikkje delegert til fleire. Plikta til kommunen gjeld eigne innbyggarar og for personar som ikkje er busette i Norge. Det er tilstrekkjeleg at ein av brurefolka er busett i kommunen for at plikta skal gjelde.

Også for utanbygds

Men i Lærdal gjeld også tilbodet for brurepar som ikkje er heimehøyrande i kommunen, og det skal så langt som mogleg også gjevast utanom kommunen si kontortid.

Kostnader

Kommunane sitt alminnelege vigsletilbod skal vere gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar. Dersom det kjem ekstra kostnader til vigselen, skal brudeparet betale desse sjølve.

Vigselstader

Vidare har kommunestyret bestemt at i Lærdal skal møterommet i Telegrafen eller mellomgangen mot kunstsenteret i kulturhuset til vanleg vere vigselstader.

Ved å klikka på denne lenkja kjem du til Ekteskapslova

Kontaktkort

Audun Mo
Ordførar
E.