ArrangementI Lærdal føregår det til ei kvar tid mange arrangement. For å få ei best mogeleg oversikt over kva som skjer i kommunen oppmodar me alle om å nytte aktivitetsportalen Friskus.Kva er Friskus?Friskus er ein digital arrangementskalendar for det som skjer i Lærdal. Den er gratis å bruke, og alle som har aktivitetar i kommunen kan bruke den. De kan også nytte Friskus til å rekruttere frivillige og orientere om øvingar, møter og liknande.Eit av måla med å nytta Friskus er at fleire innbyggjarar skal vera aktive og finna ein aktivitet som passar for nettopp dei. Me veit og at mange ynskjer ei god oversikt over alt som skjer av aktivitetar i kommunen vår.Lag og organisasjonar som søker kulturmidlar bør registrere seg i Friskus. Dette på grunn av at vi ønskjer at Friskus skal gje ein god oversikt over alt som skjer i kommunen. Slik lagar du ein brukarGå inn på laerdal.friskus.comTrykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkontoLegg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! Vel Lærdal kommune i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunenDu kan og velje å avgrense til aktivitetar berre for barn og unge osv. Registrer organisasjonen dinGå inn på laerdal.friskus.comTrykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkontoLegg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! Vel Luster kommune i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunenDu kan og velje å avgrense til aktivitetar berre for barn og unge osv. Slik opprettar du ein aktivitetLogg inn på den personlege brukarkontoen din.Gå inn i gruppa di. Dette gjer du ved å søkja på gruppa frå søkjefeltet på framsida, gå via “arrangørar”, eller via den personlege profilen din.Gå til fana “kalender”.Vel “opprett ny aktivitet”. Publisert 22.05.2025 09:48 Sist endret 23.05.2025 10:04