Psykososialt kriseteam

I kommunen er det eit eige kriseteam - med fagpersonell som har særskilt kompetanse i psykososialt arbeid.

Teamet er samansett av barnevernleiar, kommunelege, prest, helsesyster, psykiatrisk vernepleiar, miljøarbeidar i skulen og lensmann.

Kriseteamet blir mobilisert etter vurdering av behov frå nødetatane, legevakt/AMK eller kommunal kriseleiing. Kriseteamet blir kontakta av Lærdal interkommunale legevakt etter førespurnad frå ei av desse instansane. Den enkelte innbyggjar kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet om ein ønskjer hjelp. Ønske eller behov for hjelp frå kriseteamet kan skje gjennom førespurnad til fastlege eller legevakt.