Kven kan få hjelp
Psykisk helsehjelp blir gitt til personar over 18 år, som har behov for støtte, hjelp og bistand på grunn av psykiske helseproblem etter ein eller fleire av desse kriterium:
- Nedsatt funksjon i kvardagen
- Langvarig, moderat eller alvorleg, psykisk helseproblem
- Funksjonsfall (brått ikkje klarer å fungere som normalt) grunna mildare eller kortvarige psykiske helseproblem som krev profesjonell hjelp over ein tidsperiode.
- Motivert for endring og ein betringsprosess.
Hjelpa vert ytt etter søknad.
Ved akuttsjukdom
Kontakt din fastlege eller legevakta , telefon 116 117
Ved livstruande tilstandar, ring 113.
Kva kan eg få hjelp til?
Psykisk helsehjelp kan bestå av eitt eller fleire av punkta under:
• Personleg oppfølging og støttesamtalar
• Oppfølging i krevjande livssituasjonar/kriser
• Hjelp og støtte i kvardagen, bistand i heimen
• Rettleiing
• Trening/treningskontakt/turgruppe
• Ulike dagtilbod
• Hjelp til å opprette kontakt med andre tenester
• Individuell plan
Psykisk helsehjelp vert ytt av helse- og sosialfagleg personell med spesialisering innan psykisk helse og / eller rus.
Slik søkjer du
Du søkjer psykisk helsehjelp ved å fylla ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus
Pasientforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Pasientforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Pasientforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Meir informasjon finst på nettsida til Helsedirektoratet – Pasientforløp for psykisk helse og rus.