Er ein du kjenner utsett for vald?

Bry deg

Kjenner du nokon du trur blir utsett for vald eller overgrep, og lurar på kva du skal gjera? Er du redd for å blande deg i noko du ikkje har noko med, kanskje du lurar på korleis du best kan hjelpe? Mange har kjent på den same tvilen og usikkerheita. Ikkje all vald er synleg, og den kan difor være vanskeleg for utanforståande å oppdage. Når det i tillegg kan være vanskeleg for den som blir utsett for vald å fortelje om det til andre, blir ofte valden usynleg. Difor ønsker vi at du skal bry deg!

Nettsida Din utvei gir informasjon til deg som er pårørande eller kjenner ein som er utsett for vald eller overgrep. 

Snakk saman

Å spørje nokon om dei har blitt eller blir utsett for vald, kan være vanskeleg og vi kan difor være redde for å trå feil. Dei fleste ynskjer likevel at nokon skal bry seg. Å vise at du bryr deg og lyttar, og er tydeleg på at du trur på det du blir fortalt kan være noko av det viktigaste du kan bidra med. 

Målet med ei samtale er å motivere den som er utsett for vald til å kontakte hjelpeapparatet slik at valden stoppar. Er du usikker på kva du skal gjera kan du drøfte saka anonymt med krisesenter eller politi.

Nettsider med informasjon og hjelp

Kontakt hjelpeapparatet

Vold- og overgrepslinjen (VO-linjen) - 116 006 er ei nasjonal hjelpelinje for alle som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. VO-linjen er open døgnet rundt, og det er gratis å ringa dit.

Krisesenteret for vår region er krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø. Dei har døgnope telefonnummer: 57 74 36 00

Barnevernet
Me vil gjerne hjelpa deg tidleg slik at det ikkje blir vonde situasjonar for born og familiar.
Ring barnevernsvakta: 90 21 34 81

Nok. Sogn og Fjordane - Lavteksel og hjelpetilbud om seksuelle overgrep har telefon: 57 72 10 70 / 94 89 28 23

Les meir om krisesenter, overgrepsmottak og NOK. Sogn og Fjordane ved å klikka på denne lenkja

  • Direktenummer til politiet: 02800 
  • Nødnummer politiet: 112 
  • Medisinsk naudhjelp: 113
  • Legevakt/ Overgrepsmottak: 116117