Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er ein stønad til omsorgspersonar til funksjonshemma barn eller vaksen med store pleiebehov. 

Kva er omsorgsstønad?

Omsorgsstønad kan gjevast til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid for funksjonshemma barn eller vaksen med store pleiebehov. Omsorgsarbeidet må foregå i eige heim. Målet er at familien kan halde fram med å ha omsorgen for sine næraste. 

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som gjev ein godtgjering for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen

Kven kan få omsorgsstønad?

  • Du utfører omfattande, varig og tyngjande omsorgsarbeid
  • Personen du gir omsorg til er samd i at du er den som best kan ivareta omsorgen
  • Din omsorg vurderast av kommunen som best og nødvendig for den som treng omsorgen
  • Aktuelle avlastningstiltak er utprøvd eller vurdert
  • Du har omsorg for barn under 18 år, og omsorgsarbeidet går utover normal omsorgsplikt
  • Du har søkt om hjelpestønad frå NAV
  • Du bur eller oppheld deg i Engeviken kommune
  • Personen du gir omsorg til, er heimebuande i Engeviken kommune

Slik søkjer du? 

Du søkjer omsorgsstønad ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.

Søk om helse- og omsorgstenester

Kor mykje kan eg få? 

Storleiken på godtgjeringa avheng av omsorgssituasjonen og av hjelpestønaden frå NAV.

Kjekt å vite om omsorgsstønad 

  • Du får utbetalt omsorgsgodtgjering månadleg
  • Omsorgsstønaden er ein skattepliktig inntekt
  • Kommunen vil løpande vurdere om det kan settast inn andre tiltak for å avlaste omsorgsgjevaren. Du får difor godtgjeringa for ein tidsavgrensa periode
  • Sjølv om du får omsorgsstønad, betraktast du ikkje som kommunal arbeidstakar
  • Du har ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar

Kontaktkort

Anne Sofie Sørhage
Koordinator for funksjonshemma og barnekoordinator
E.
Elin Thyri
Sjukepleiar og saksahandsamar
E.