AvlastningDu kan søkje om avlasting dersom du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for familiemedlemmar som har ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing.Kva kan vi tilby?døgnopphold i sjukeheimdøgnopphold i avlastningseining for barn og unge med funksjonsnedsettingaropphold heime hos private avlastararulike tilbod på dagtidDet vert vurdert i kvar einskild sak, i samråd med søkjar, kva som er mest tenleg.Kven kan søkje om avlastning?du som gir omsorga må ha behov for avlastning for å kunne halde fram med å ivareta omsorgsbehovet i heimendu kan vere eit familiemedlem eller ein frivillig omsorgsgivaromsorgsansvaret må vere langvarig og tyngjandegjeld omsorgsansvar både for barn, unge, vaksne, eldre og funksjonshemmaNår har du ikkje rett på avlastning?omsorgsgjevars behov for barnevaktat omsorgsgjevar manglar nettverk er ikkje aleine eit kriteriumei diagnose eller bestemd type funksjonshemming er ikkje aleine eit kriteriumerstatning for andre tiltak som ein har tilbod om, men ikkje ønskjer å nytte, til dømes SFO eller heimesjukepleieTransportbehov ved vedtak om avlastning Når du er innvilga vedtak om avlasting (i institusjon eller til privat avlaster) for din nærståande kan du ha rettar til transport til og frå avlastarstaden.Ved vurdering av behovet for transport legg vi mellom anna vekt på:foresatte eller pårørandes arbeidssituasjonomsynet til andre familiemedlemmer og den samla familiesituasjonentilgang til eigna køyretøy og førarkort, herunder om det føreligg vedtak om eigen bil via NAV.rettar til transport gjennom andre ordningar, eks opplæringslova § 3-6 (skolesyssordninga)tidsbruk som medgår til transportenavstanden mellom avlastningsstad og heim/anna stad som transporten skal skje til/fråandre hjelpetiltak som er innvilgaMERK! Du søkjer om transport samtidig med søknaden om avlasting. Fyll inn behovet for transport i søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Du må grunngi kvifor du trenger transport i søknaden.Slik søkjer duDu søkjer avlastning ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.Søk om avlastningKva kostar det?Tenesta er gratis. Den einskilde må ha med klede, medisin, toalettsaker, lommepengar og anna utstyr som trengs for eit opphald. Sist endret 16.06.2025 19:02