TryggleiksalarmBur du åleine og har behov for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar? Føler deg utrygg, har opplevd fall eller har orienteringsvanskar kan du søkje om tryggleiksalarm med eller utan GPS.Kva er tryggleiksalarm? Tryggleiksalarm er ei teneste til innbyggjarane i Lærdal kommune.Alarmen er på storleik med eit lommeur. Den ber du på deg i heimen for å kunne tilkalle hjelp når akutt behov oppstårAlarmen er enkel å bruke. Når du utløyser alarmen, blir du kopla direkte til eit responssenter som svarar på oppkallet ditt, og varslar heimehjelpaRøykvarslar blir kopla til tryggleiksalarmenTryggleiksalarmen kan brukast når som helst på døgnetDet blir montert ein nøkkelboks utanfor inngangsdøra for oppbevaring av dørnøkkelen din, slik at heimesjukepleia kan kome inn til deg når du har trykka på alarmenTryggleiksalarmen har telefonabonnement og SIM-kort inkludert i alarmenKven kan få tryggleiksalarm? Du har ein helsesvikt eller funksjonsnedsetjing som gir behov for akutt hjelp utover faste avtalar med heimesjukepleiaDu bur heime åleine eller tilbringer mykje tid åleine heimeDu er klar og orientert, men har ein funksjonsnedsetjing som gjer det vanskeleg å bruke telefonMobil tryggleiksalarm med GPSMobil tryggleiksalarm er til utandørs bruk og er spesielt egna for personar med kognitiv svikt eller orienteringsvanskar. Denne tar du med deg når du går tur, skal ta buss eller på butikken. Eininga består av ein alarmknapp med sporings-teknologi, som aktiverer tovegs tale mellom deg og dine pårørande når du trykkjer på den. Pårørande har også høve til å sjå kvar du befinner deg med hjelp av ein app for smarttelefon.I nokre tilfelle blir mobil tryggleiksalarm m/GPS brukt for å mogleggjere bevegelsesfridom for bebuarar i bokollektiv for demente, bebuarar på sjukeheim og liknande. Då kan varsel gå til tilsette i den aktuelle bustaden.Slik søkjer du Du søkjer tryggleiksalarm med eller utan GPS ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.Søknadsskjema for helse- og omsorgstenesterKva kostar det?Sjå gebyrliste Sist endret 20.06.2025 14:28