Middag til heimebuande

Har du eit helseproblem som gjer det vanskeleg for deg å få i deg nok næringsrik mat, kan du få tilbod om middag frå kommunen sitt felleskjøkken.

Me er opptekne av at innbyggarane i Lærdal skal kunne få bu heime så lenge dei ynskjer. For å legge til rette for dette kan me tilby frokost, næringsdrikk, lunch, varm middag og kveldsmat heim kvar dag for eldre eller funksjonshemma som bur heime og har problem med å lage maten sjølv. 

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit supplement for å dekke ernæringsbehov til innbyggarane våre.

Korleis får eg denne tenesta?

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Kriterier for tildeling:
• Søknad frå brukar
• Brukar må bu i kommunen
• Vere heimebuande med fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov

Tenesta sitt innhald

Kjøkenet på Lærdal bu- og omsorgsheim tilbyr varm middag til brukar sju dagar i veka. Behov for å auke eller redusere tal dagar med matleveranse må avklarast med tenesteytar. Lærdal frivilligsentral står for sjølve ombringinga av mat.

Avbestilling

Dersom ein brukar har avtale på middag kvar dag (7 dagar i veka) har ein ikkje moglegheit for å avbestilla middag enkelte dagar, som til dømes ved besøk, dagsturar, etc. Det er berre ved sjukehusinnlegging ein kan avbestille. Det same gjeld for brukarar som har faste enkeltdagar.

Det er heller ikkje mogleg å skifte enkeltdagar frå veke til veke.

For avbestilling, ring kjøkken på telefon: 47 48 66 38

Prisar

Sjå gebyrlista

Kontaktkort

Elin Thyri
Sjukepleiar og saksahandsamar
E.