Lærdal bu- og omsorgsheimVed Lærdal bu og omsorgsheim er det totalt 22 plassar, 18 langtids- og 4 korttidsplassar. Organisasjonen vår skal leggja vekt på å sikre tilgjenge og tryggleik for den enkelte brukar. Den einskilde arbeidstakar skal møta brukar med respekt og empati. Me skal i tillegg vere lyttande til pårørande sin informasjon. Me ynskjer å ha ein organisasjon som gjev brukarane ein god og trygg kvardag. Dei ulike tilboda• Korttidsopphald• Avlastningsopphald• Langtidsopphald• Nytte- og trivselsopphald• Dagopphald• Omsorgsbustadar• Omsorgsbustadar med heildøgsomsorgSøknad og vurdering av søknaden er avgjerande for kva type opphald du får tildelt. Tilbodet ditt skal tilpassast etter behov. Dersom tilstanden din skulle endra seg, vil du få høve til ny søknad og hjelp frå heimesjukepleien til å utforma søknaden.Slik søkjer duSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester