Startlån

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare.

Kva er startlån?

Startlån er ei låneordning som blir behandla i kommunane. Husbanken finansierer ordninga, men kommunane har laga eigne retningslinjer for korleis startlånsordninga skal brukast.

Kven kan få startlån?

Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i bank. Startlån kan gi deg moglegheit til få ein nøktern og rimeleg bustad.

Sjekk kven som kan få startlån.

Slik søkjer du

Du søkjer startlån ved å fylle ut søknadsskjema på Husbanken sine nettsider.

Søk om startlån