Bustøtte

Slit du med å betale husleiga eller bustadlånet ditt? Har du låge inntekter og høge boutgifter? Då kan du ha rett til bustøtte.

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ein behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken gjer vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustøtte?

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan også prøve bustøttekalkulatoren.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om kven som kan få bustøtte.

Slik søkjer du 

Du søkjer bustøtte ved å fylle ut søknadsskjemaet for Husbanken sine nettsider. 

Søk om bustøtte på Husbanken sin heimeside

Kan du ikkje søkje bustøtte elektronisk? Papirsøknaden finn du her.

Søknadsfrist 

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad.

Meld frå om endringar 

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokre av opplysningane du har gitt i søknaden.

Om kommunen i ettertid blir kjent med at det har skjedd endringar som kan påverke grunnlaget for bustøtta, vil det gjerast eit nytt vedtak som går tilbake til den datoen endringa skjedde. Det betyr at du risikerer å måtte betale tilbake differansen mellom gamal bustøtte og ny bustøtte.

Les meir om kva endringar du må melde frå om.

Klage 

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket.

På Husbanken sine nettsider kan du lese meir om korleis du klagar på vedtak.

Informasjon om bustøtte på fleire språk

På Husbanken sine nettsider finn du informasjon om bustøtte på fleire språk.