Flyktningtenesta i Lærdal

Flyktningtenesta i Lærdal kommune er ein del av NAV Lærdal.

Flyktningtenesta sitt ansvar

Flyktningtenesta har ansvar for

Busetjing av flyktningar

Kommunen får kvart år førespurnader frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om busetjing av flyktningar. Kommunestyret fatter dermed vedtak om busetjing av flyktningar med utgangspunkt i IMDi si førespurnad.

Det er IMDi som har ansvar for å tildele bustadkommune til flyktningar som har fått opphaldsløyve i Noreg. Kommunen får deretter beskjed om kva personar som skal busetjast i kommunen det aktuelle året.

Flyktningtenesta får ansvaret for å sørgje for at personane får ein stad å bu, økonomisk støtte, deltar i introduksjonsprogram, rettleiing og praktisk hjelp som bidrar til at dei raskt finn seg til rette i kommunen.

Besøk imdi.no for meir informasjon om busetjing. 

Ved å klikka her kan du også lesa korleis dei ulike gruppene blir busette.

Har du ein bustad til utleige?

For at alle skal få ein stad å bu, er vi avhengige av hjelp frå dykk som har ein ledig utleigebustad. Om du har det, kan du melde det inn her på denne sida.

Introduksjonsprogram

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram som skal førebu flyktningar til deltaking i norsk arbeids- og samfunnsliv. Alle flyktningar mellom 18 og 55 år som kjem til Noreg skal delta i introduksjonsprogrammet. Det same gjeld familiemedlemmar som seinare kjem til landet.

Gjennom introduksjonsprogrammet skal deltakarane lære norsk og få forståing for det norske samfunnet. Ein skal også få opplæring og kunnskap om norsk arbeidsliv, og utdanning dersom ein treng det. Det er eit mål om at deltakaren skal kome i jobb eller utdanning når hen er ferdig.

Om du er søkjar eller har fått plass på introduksjonsprogrammet finn du informasjon på IMDi sine nettsider. 

Kontaktkort

Ingvill Sjøthun
Fagleiar flyktningtenesta
E.