Det tyder at brev og e-postar som blir sendte til kommunen, blir offentleggjorde på postlista vår, slik at det du har skrive kan lesast av alle. Brev som inneheld personsensitive opplysningar blir unntatt offentleg innsyn, og kan dermed ikkje lesast.
Postliste Lærdal kommune
Sjå postlista (offentlig journal)
Postlista viser både inn- og utgåande post. Inngåande og utgåande dokument vert lagt ut på postlista tre verkedagar etter journalføring.
Enkelte dokument er merka med "unntatt offentlegheit" (u.off.) i postjournalen. Sensitive personopplysningar (slik som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er teiebelagde og vil ikkje publiserast. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er teiebelagde, men som vil kunne oppfattast som belastande å få offentleggjort. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Fødselsnummer skal ikkje publiserast på nett.
Innsynskrav
Viss eit dokument er unntatt offentlegheit, er det framleis moglegheiter for å få utlevert dokumentet heilt eller delvis. Dette gjerast ved å sende ein innsynskrav på det aktuelle dokumentet.
Trykk på bestill knappen ved dokumentet du ønskjer å bestille.
Offentleglova
Offentleglova inneheld føresegner om retten til å få sjå (innsyn) i dokument i offentleg forvaltning. Hovudregelen er at alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og andre liknande register. Lova inneheld også føresegner om kva som reknast som dokument og når eit dokument vert offentleg.