I årsrapporten gir kommunedirektøren eit overblikk over status for kommunen etter året som var - med vurdering av måloppnåing, økonomisk resultat og peiking på viktige aktivitetar og hendingar, både på overordna nivå og innanfor dei ulike sektorane. Dokumentet inneheld også aktuell statistikk med analyse.
Det blir lagt fram statusrapportar etter utgangen av kvart tertial/kvart fjerde månad.
I rapporteringa vert det oppgitt status for måloppfølging og økonomistyring i forhold til styringsdokumentet med økonomiplan. Som ein del av rapporteringa går det fram status for oppfølging av politiske vedtak.
Status 2025
Økonomi- og handlingsplan
Kommunedirektøren sitt styringsdokument og grunnlag for påfølgjande års budsjett og økonomiplan vert lagt fram i slutten av oktober kvart år.
Formannskapet innstiller på årsbudsjett og økonomiplan for kommunestyret, som skal vedta planen før årsskiftet (jfr. Kommunelova §14-3).
Økonomiplanen, eller også kalla styringsdokumentet, omfattar ein periode på fire år som vert rullert kvart år.
Her kan du lesa meir om økonomiplanen til Lærdal kommune.