Statistikk og kunnskapsgrunnlag

Her kan du finna statistikk, analysar og rapportar som vert nytta som grunnlagsdata til planar, og som grunnlag for vurderingar og oppfølgingstiltak innanfor ulike einingar i kommunen.

Analyse og statistikk for ulike tema (Telemarksforskning)

Lærdal kommune har abonnement frå Telemarksforskning, som leverer analyse og statstikk digitalt til kommunen. Statistikken og analysane blir jamnleg oppdaterte gjennom året, og er alltid tilgjengeleg digitalt i siste oppdaterte versjon. Her kan du lesa om blant anna folketalsutvikling, framskrivingar, utvikling i næringslivet, tilflytting/fråflytting, arbeidsinnnvanding og mykje meir. 

Du kan sjølv endre på årstal, årsseriar og ulike alternativ for å få fram den statistikken du er interessert i å vite meir om. 

Statistikk og analysar for Lærdal kommune finn du ved å klikka på denne lenkja til Regional analyse sine nettsider (bruk helst nyare nettlesarar som f.eks. Crome, ikkje Internet Explorer)

Kunnskap om helsetilstand

Helseoversikt

Lærdal kommune har engasjert Telemarksforsking til å utarbeide Helseoversikt for innbyggjarane våre. Utarbeiding av Helseoversikt er no ei lovpålagd oppgåve, og i 2023 var fyrste gong kommunen fekk laga ei såpass omfattande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane.

Oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar helsa vår dannar sjølve grunnlaget for eit kunnskapsbasert, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Telemarksforsking har arbeida systematisk med innhenting av ein stor mengde data, analysar og statistikk, samt mange intervju og verkstadarbeid i tverrfaglege grupper, for å koma fram til resultata i rapporten. Du kan finna rapporten ved å trykka på denne lenkja.
 

Folkehelseprofil og Oppvekstprofil for Lærdal

Folkehelseinstituttet utarbeider årleg enkle oversikter over folkehelse og oppvekstvilkår for alle kommunar i landet. Statistikken er henta frå Kommunehelsa Statistikkbank. Dette er enklare oversikter enn Helseoversikten som vert vist til over.  Du kan finne folkehelseprofil og oppvekstprofil for Lærdal ved å trykka på denne lenkja og søkja opp Lærdal kommune.

Ungdata

Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar, der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa born og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Ved å klikka på denne lenkja kan du finna resultat frå Ungdata-undersøkingar som er utført i Lærdal kommune. Då må du søkja opp Lærdal i søkefeltet. 

Sjå elles oversikt over karttenester som er nytta ved å klikka på denne lenkja.

Kontaktkort

Sissel Øye
Arealplanleggjar
E.