Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen bestemmer den langsiktige utviklinga i kommunen. Den angår alle som bur, jobbar og lever i kommunen.

Kommuneplanen består av

Kvifor har vi ein kommuneplan?

Lærdal kommune ønskjer gjennom kommuneplanen å bidra til ein offensiv samfunnsutvikling og - ut over statlege krav og forventningar til kommunal planlegging - utnytte det handlingsrom og dei moglegheiter som føreligg for iverksetjing av lokale prioriteringar og tiltak.

Føremålet med kommuneplan er å skape langsiktighet og føreseielegheit i politikk og arealbruk for kommunen sine innbyggjarar, med beskriving av konsekvensar for miljøet og samfunnet. Planprosessen skal sikre openheit og medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar og angi mål og strategiar for utvikling av kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i kommunen. Den skal gi retningslinjer for korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

Kommuneplanen sin arealdel 

Kommuneplanen sin arealdel bestemmer kva vi skal bruke dei ulike areala i kommunen til.

Planen samordnar viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gir føresegner og retningslinjer for konkrete utbyggingstiltak og detaljplanar.