Kommunal planstrategi

I alle kommunar skal kommunestyret innan eitt år etter konstituering vedta ein såkalla kommunal planstrategi.

Kva er ein kommunal planstrategi? 

Dette er ikkje ein plan, men eit verktøy for å gjere strategiske prioriteringar eller val i forhold til kommunen si planlegging. Ut frå ei vurdering av kva som er dei viktigaste utviklingstrekk og utfordringar kommunen står over for, skal arbeidet bidra til  å avklare kommunen sitt planbehov og prioritere kva planar som skal utarbeidast eller reviderast i kommunestyreperioden.

Kommunen skal samtidig også ta stilling til om heile eller delar av kommuneplanen skal reviderast, eller om planen skal vidareførast utan endringar, herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplanar, eller om gjeldande planar bør reviderast eller opphevast.

Planstrategi for periode 2024-2027

Kommunestyret vedtok 18. desember 2024 planstrategi for kommunestyreperioden 2024 - 2027. 

Kommunal planstrategi 2024-2027 for Lærdal kommune