Administrasjon
Administrasjonen i Lærdal kommune er organisert i ein sokalla trenivåmodell, der dei tre nivåa er som følgjer:
- Kommunedirektør
- Fire kommunalsjefområde
- Samfunn, kultur og næring
- Oppvekst og utdanning
- Helse og omsorg
- Teknisk, plan og eigedom
- Einingar med sine leiarar innanfor dei ulike kommunalsjefområda
Oversyn over tilsette finn du ved å klikka på denne lenkja
Organisasjonskart Lærdal kommunePolitikk
Den politiske styringa er organisert slik
- Kommunestyret: 17 medlemmar
- Formannskapet: 5 medlemmar
- Utval for miljø og samfunnsutvikling og utval for levekår: 5 medlemmar kvar
Det er vedteke eit delegasjonsreglement som regulerer kva organ som gjer endeleg vedtak i kva type sak. Det vil seia at i somme sakstypar treff eitt av dei to utvala endeleg vedtak, i somme saker treff formannskapet endeleg vedtak og i andre saker att treff kommunestyret endeleg vedtak.
Ein del saker blir også handsama i fleire organ - til dømes at formannskapet gjer vedtak som blir ei innstilling til kommunestyret. Vidare er ein del sakstypar også delegerte til administrasjonen, det vil seia at det er administrasjonen som gjer endeleg vedtak.
Sjå siste revisjon av delegasjonsreglementet ved å klikka på denne lenkja
Vidare er det ei rekkje råd og utval innanfor ulike område. Full oversikt over dei ulike politiske organa, råda og utvala, kven som sit i desse, møteplanane og sakspapir finn du ved å klikka på denne lenkja.