Dine rettigheiterDine rettigheiter om innsyn og sletting av personopplysningar i systemer til Lærdal kommune. Kva har eg krav på? Innsyn i eigne dokument: Du kan be om ein kopi av alle opplysningar vi behandlar om deg. Les meir om retten til innsyn på Datatilsynet sine nettsider.Korrigering av personopplysningar: Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande. Les meir om retten til å rette eller supplere opplysningar på Datatilsynet sine nettsider.Sletting av personopplysningar: I gitte situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv. Les meir om retten til sletting på Datatilsynet sine nettsider.Begrense behandling av personopplysningar: I nokre situasjonar kan du også be oss begrense behandlingen av opplysningar om deg. Les meir om retten til begrensning på Datatilsynet sine nettsider.Protestere mot at vi behandlar dine personopplysningar: Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av ei interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av opplysningar om deg. Les meir om retten til å protestere på Datatilsynet sine nettsiderDataportabilitet: Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annan behandlingsansvarleg. Les meir om retten til dataportabilitet på Datatilsynet sine nettsider.Korleis må eg gjere?Ta kontakt med oss på e-post post@laerdal.kommune.no.Du skal få svar på din e-post innan 30 dagar. Du kan klage på vår behandling av personopplysningar Vi håper du vil seie ifrå dersom du meiner vi ikkje overheld reglane i personopplysningslova. Ta då først kontakt med vårt personvernombod.Kom i kontakt med personvernombodet ved å sende ein e-post til post@laerdal.kommune.no.. Sist endret 12.06.2025 10:32