eDialog - Slik sender du trygt digital post til kommunen

Ved å bruke eDialog kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivaretekne på ein trygg måte.

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder senda dokument til Lærdal kommune via ein sikker og effektiv kanal.

Du loggar inn på eDialog her

  • Tenesta krev sikker identifisering som tildømes bankID
  • Data blir overført kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument blir sende elektronisk og mottekne direkte i vårt system
  • Vi sparar tid på postgang og postregistrering

Du kan nytta eDialog om du

  • skal senda post med konfidensielle opplysningar
  • skal senda dokument til eksisterande sak
  • skal senda andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

Du skal ikkje nytta eDialog om

  • kommunen tilbyr eigne elektroniske skjema til føremålet
  • du har generelle førespurnader. Då kan du senda e-post

Nyttig å vite når du fyller ut skjema

  • Gi god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå Lærdal kommune, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
  • Last opp naudsynte vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Du kan svara kommunen via eDialog

Om Lærdal kommune sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenka til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen". 

Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.

Tilgjengelegheit 

eDialog er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt. Det er brot på 12 av 47 krav i regelverket.