Varsling, informasjon og evakuering

Ved krise og ulukker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som hender og kva du bør gjere. 

Lærdal kommune vil ved krise/større hendingar nytte heimesida for å spreia rett og viktig informasjon til innbyggjarane.  

Kommunen vil og i nokre tilfelle nytta SMS-varsling via varslingssystemet Varsling24.  Slike SMS'ar kan sendast til alle som oppheld seg i kommunen, eller til geografisk avgrensa område, feks. enkelte grender eller bustadfelt. 

Myndigheitene kan sende ut varsel til alle innbyggjarar i Noreg (eller nokre kommunar/fylke) via nødvarsling på mobil, radio (NRK P1), flyalarm eller tyfonar. 

Les meir om varsling frå myndigheitene på nettsida Sikker kvardag ved å klikka på denne lenkja.

Oppmøtestader  for informasjon ved lengre straumstans

Dersom det vert eit lengre straumstans i kommunen vil det setjast i verk to alternative stadar  for informasjon,  ein ved Lærdalsøyri ved rådhuset og ein ved Borgund ved kommunehuset. 

Dette gjeld dersom straumstans eller anna fører til at tele- og digitalkommunikasjon går ned i heile kommunen.

Aktuell informasjonsdeling kan verta: Forsyning av vatn, helsehjelp og evakueringsplanar, samt anna relevant informasjon.