Snakk med familie, venner, assistentar eller andre personar i livet ditt om korleis ei krise vil påverke deg og kva du kan trenge hjelp til.
Slik blir du varsla
I ei krise som truar liv og helse vil kommunen eller politiet sende ut tekstmelding på mobiltelefon til alle som oppheld seg i det relevante området. Få informasjon og rettleiing om bruk av mobiltelefon for synshemma hos Statped eller hos Blindeforbundet. Varslingsanlegga (tyfonar, flyalarm) blir også brukt til å varsle om akutt fare. Høyrer du varslingsanlegga tute betyr det at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer vil du få på radiokanalen NRK P1.
Kor finn eg informasjon i ei krise?
Du vil finne meir informasjon om kva som skjer på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale medier. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå styresmaktene.
Våre nettsider har universell utforming og vi vil publisere informasjon om kva som skjer og korleis du kan kontakte kommunen.
Kven kan eg kontakte for å få hjelp?
Treng du hjelp er det viktig at du ber om det. Tenk gjennom om du har nokon i din omgangskrins du kan be om hjelp.
Vi vil fortelje deg på tekstmelding eller på nettsidene korleis du kan kontakte kommunen i den aktuelle krisa.
Ved straumbrot kan mobilnettet bli utilgjengeleg allereie etter eit par timar. Difor er det viktig at du ikkje ventar med å be om hjelp.
Ved akutt fare for liv og helse ringer du nødnumra 110, 112 og 113. Ver merksam på at det ved store kriser kan vere manglande kapasitet og det kan ta lengre tid enn vanleg å få hjelp.
Førebuingar i heimen
Det er lurt å ha reserve av hjelpemidla du brukar, som for eksempel stokk eller forstørrelseshjelpemiddel. Er du avhengig av legemiddel eller medisinske hjelpemiddel, må du snakke med legen din eller apoteket om moglegheita for å ha ein ekstra beholdning. Ei fløyte og ei lommelykt kan vere nyttig for å signalisere til andre om du treng hjelp.
Har du førarhund bør du ha ekstra hundemat for eit par dagar. Førarhundar kan bli med førar på evakuert- og pårørandesenter.
Du kan lytte til innhaldet i brosjyren "Du er ein del av Norges beredskap" på nettsida til Norges Blindeforbund.