Historikk
I nyare tid er mykje av Lærdal kartlagd for naturfare. Det er blitt betre metodar og auka kompetanse for å berekne naturfare, og strengare definisjonar på kva som er sikker bygging.
I dei seinare åra har meir og meir av Lærdalsøyri vorte definert i faresone for blant anna flaum. Sjå tidslinja under for å sjå korleis det vart starten på flaumsikringsprosjektet
2012 - Søknad til NVE
Søknaden vart sendt frå Lærdal kommune i juni 2012, og allereie månaden etter kom det stadfesting frå NVE på at dei ynskja å bistå kommunen i både planlegging og gjennomføring av eit sikringstiltak for busetnaden på Lærdalsøyri.
01.01.1970
2008-2011. Krevjande utbyggingsprosjekt
Lærdal kommune hadde fleire utbyggingsprosjekt på Lærdalsøyri i 2008-2011 som vart svært krevjande på grunn av kartlagd faresone for flaum på Øyri.
Kommunen hadde god dialog med NVE i ein del utbyggingsprosjekt, og vart då råda til å sende søknad til NVE om bistand til sikring av Lærdalsøyri.
01.01.2008
2013-2022: Dialog og stillstand
I desse åra var det både møte med grunneigarar, folkemøte, synfaringar, møte med kulturavdelinga og andre myndigheiter og fleire møte med NVE, for å planleggje alternative sikringstiltak langs Lærdalselva.
Oppstart av reguleringsplan vart varsla av kommunen, og NVE arbeida med ulike alternative løysingar samstundes. På grunn av stor mengde saker hjå NVE, stoppa arbeidet deretter opp nokre år
01.01.2013 00:00
2022-2023: Restart av prosjektet
I slutten av 2022 fekk prosjektet ei høgare prioritering hjå NVE att.
I løpet av 2023 har NVE og kommunen hatt god og ofte dialog om det vidare arbeidet, og prosjektet har vorte starta opp på ny. Flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri har høg prioritet blant andre flaumsikringsprosjekt i landet.
01.01.2022 00:00
2025: Kommunen rustar seg for vidare arbeid
Sommaren 2025 vart det tilsett ein prosjektleiar for flaumsikringsprosjektet i Lærdal kommune, og det vart jobba vidare opp mot NVE. I Stor grad går arbeidet i denne fasen ut på å utgreia nærare dei ulike alternativa i moglegheitsstudien for flaumsikring av Lærdalsøyri.
16.06.2025 12:18
Meir om bakgrunnen
Store delar av busetnaden, sentrumsområde, næringsbygningar og offentlege bygningar på Lærdalsøyri ligg i flaumutsett areal ved større flaumar i Lærdalselva. Sjølv om me har hatt nokre store flaumar dei siste 20 åra som ikkje har gjort betydeleg skade, så veit me at risikoen er stor for at det kjem flaumar dei neste åra som er betydeleg større enn dei me har opplevd i nyare tid.
Dersom prognosar for storleik på storflaum slår til, kan ein slik flaum på Lærdalsøyri gjera svært stor skade på bebyggelsen, og i verste fall utgjera fare for liv og helse. Sidan så stor del av bebyggelsen er utsett for flaumfare, er eit sikringstiltak langs Lærdalselva høgt prioritert både av NVE og Lærdal kommune.
Sjølv utan flaum i elva får flaumfaren store konsekvensar for lærdølene. Mykje av busetnaden på Øyri er bygd i ein tid då ein hadde lågare kompetanse på naturfare, dårlegare metodar for å berekne framtidige flaumar og eit lite strengt regelverk for ny utbygging.
Regelverket for å byggja i område som er utsett for naturfare er betydeleg strengare i dag enn for få år sidan, dette for å verne både liv, helse, miljø og verdiar i samfunnet. For å unngå store forsikringsutbetalingar unødvendig, er fokuset på å verne verdiar i samfunnet også auka betydeleg. Kommunen har difor ikkje lov å opne for bygging i flaumsoner utan sikringstiltak.
Sikringstiltak kan vera heving av grunn, høgare grunnmur, sikringsvoll og anna. I mange tilfelle vil det ikkje verta tillete for bebuarar på Øyri å byggje nye bygningar som garasjar, lager, påbygg eller anna på sin eigedom, utan at dette vert bygd i flaumsikker høgde. Ved å etablere flaumsikringstiltak for heile Lærdalsøyri, vert denne situasjonen betydeleg endra for bebuarar på Øyri.
Organisering av prosjektet
NVE har sett av eigen prosjektleiar for flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri, og eigen assisterande prosjektleiar. Det er i tillegg fleire personar frå ulike fagfelt som er tungt involvert i planarbeidet. NVE har engasjert Multiconsult til å utarbeide alternative løysingar for tiltak, og dei har oppretta prosjektgruppe med tverrfagleg kompetanse for å gjennomføre oppdraget.
Lærdal kommune har per i dag ei prosjektgruppe samansett av fagpersonar innan plan, landbruk og teknisk som har ansvar for å følgje opp flaumsikringsprosjektet. Arealplanleggjar er foreløpig prosjektleiar, og administrativ og politisk leiing er godt involvert i arbeidet. I løpet av våren skal prosjektet forankrast politisk med truleg ei større prosjektorganisering.
NVE har ansvar for utarbeiding av ulike alternative løysingar, medan kommunen må vere med å velje løysing. Kommunen har ansvar for reguleringsplanen og avtalar med grunneigarar (og eventuelt grunnerverv).
Finansiering
NVE har førespegla kommunen ein finansieringsmodell der NVE dekkar 80 % av kostnad for gjennomføring av sikringstiltaket, medan kommunen dekkar restarande 20 % som eigenandel. I tillegg dekkar NVE planlegging- og prosjekteringskostnadar, medan kommunen dekkar kostnad til reguleringsplan. Endeleg finansieringsmodell for gjennomføring av tiltaket vert avklara etter val av løysing er avklara og kostnadsrekna.