Feieavgifta er avgift for feiing av skorstein og for tilsyn av fyringsanlegget.
For at feiinga skal bli utført pliktar huseigar å syta for at feiaren har tilstrekkjeleg tilgang til skorsteinen. Stigar, taktrinn og plattform skal vere godkjent og rett montert.
Huseigar må førbu feiinga
Alle bustader som er registrert som heilårsbustad eller fritidsbustad i kommunen, og som har tilkopla omn til skorsteinen, er pålagt feiing utført av kvalifisert personell. Det kjem lapp i postkassa i framkant av at feiaren kjem.
For at feiing kan utførast må tilkomsten til og på taket vera i orden. Før feiing kan utførast, er det viktig at huseigar ser etter at alle opningar på eldstaden, samt sotluke er stengt. Dette for å hindre sotskade inne i huset.
Om ikkje feiaren har tilfredstillande tilgang til skorsteinen, og ikkje får utføre lovpålagte oppgåver, kan det føra til fyringsforbod på anlegget.
Tilsyn
Tilsyn minimum 4. kvart år omfattar:
- Kontroll av eldstad, skorstein og tilkopling
- Røykvarslarar, rømmingsvegar
- Informasjonsarbeid
Fritak for feieavgifta
Kommunen kan etter skriftleg søknad gi fritak frå å betale gebyr. Kommunen kan etter søknad gi fritak frå å betale gebyr dersom det ikkje er eldstad tilknytt røykkanalen (skorsteinen).
Det må være fysisk skilje mellom eldstad og røykkanal (skorstein). Det er eigar, gjennom søknad om gebyrfritak, som er ansvarleg for å informere kommunen om at fyringsanlegget ikkje lenger er i bruk. Kommunen må godkjenne søknaden før gebyrfritak vert gitt.
Eigar pliktar og å varsle kommunen om fyringsanlegget igjen blir teke i bruk. Om fyringsanlegget er teke i bruk utan at kommunen har vorte varsla, kan kommunen i etterkant fakturere gebyr.
Fritidsbustad
I 2022 vart det lovpålagt at alle fritidsbustader skal ha feiing og tilsyn. Difor vedtok kommunestyret i same år feieavgift for fritidsbustader, sjå forskrifta ved å klikka på denne lenkja.
Feiegebyr for fritidsbustader kjem på fakturaen for kommunale avgifter i tredje termin.
Utføring av feiing og branntilsyn for fritidsbustader vil variera etter behovet. Dermed blir ikkje branntilsyn og feiing automatisk utført kvart eller annakvart år - men ein vil få informasjon frå feiar i framkant av at feiing og/eller tilsyn skal gjennomførast. Meiner ein at det er trong for feiing utover det som ligg inne på ruta til feiarane, ta kontakt med ein av kontaktpersonane som står under.