Vald og overgrep

Her er informasjon om korleis ein skal gå fram om ein opplever eller mistenkjer vald og overgrep.

Ønskjer du å snakka med nokon? 

Vold- og overgrepslinjen (VO-linjen) - 116 006 er ei nasjonal hjelpelinje for alle som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. VO-linjen er open døgnet rundt, og det er gratis å ringa dit.

Krisesenteret for vår region er krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø. Dei har døgnope telefonnummer: 57 74 36 00

Barnevernet
Me vil gjerne hjelpa deg tidleg slik at det ikkje blir vonde situasjonar for born og familiar.
Ring barnevernsvakta: 90 21 34 81

Nok. Sogn og Fjordane - Lågteksel og hjelpetilbod om seksuelle overgrep har telefon: 57 72 10 70 / 94 89 28 23

Les meir om krisesenter, overgrepsmottak og NOK. Sogn og Fjordane ved å klikka på denne lenkja

  • Direktenummer til politiet: 02800 
  • Nødnummer politiet: 112 
  • Medisinsk naudhjelp: 113
  • Legevakt/ Overgrepsmottak: 116117

Blir du sjølv utsett for vald?

Det finst mange former for vald. Sjølv om ein gjerner tenkjer på vald som handlinger som etterlet synlege merke, som blåmerke, sår eller brot, så er vald meir enn det. Og dersom valden strekkjer seg over lenger tid kan ofte den eller dei som er offer bli så vande med valdsutøvinga at grensa for kva ein tenkjer på som vald blir flytta lenger og lenger.

Under følgjer nokre lenkjer til sider som skildrar ulike typar vald:

Har jeg blitt utsatt for vold i en nær relasjon? - Dinutvei.no

Utsatt for voldtekt eller seksuelt overgrep? - Dinutvei.no

Ulike former for vold - Dinutvei.no

Utset du nokon for vald?

Alle som står nær kvarandre kan krangla og vera ueinige. Det skal likevel ikkje vera slik at du gjer partnaren din eller barnet ditt redd eller utrygg. Livet i ein familie skal vera trygg for alle partar. Det skal gå an å vera ueinige, ha eigne meiningar og ville noko anna enn den du er i lag med.

Om du slår, sparkar eller kjem med truslar, audmjukar, krenker eller kontrollerer andre, utøver du vald. Om du har problem med å kontrollera temperamentet ditt, eller er oppfarande og stadig skremmer nokon du eigentleg er glad, kan du få hjelp til å endra deg.

Nyttige lenkjer:

 

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eit samfunns- og folkehelseproblem som rammar uavhengig av kor i landet ein bur. Ein veit òg at det skjer i alle typar familiar uavhengig av kulturell bakgrunn og utdanning. Lærdal kommune har ein nullvisjon om vald i nære relasjonar. 

Handlingsplan for vald i nære relasjonar 2023 - 2027 vart vedteken i kommunestyret i september 2023. Planen vil hjelpa det kommunale tenesteapparatet med å auka innsatsen, kunnskapen og handlingskompetansen i forhold til vald i nære relasjonar. Handlingsplanen set vald i nære relasjonar på dagsorden. På den måten vil planen bidra til å nå kommunen si målsetjing om å førebyggja, avdekkja og stoppa vald i nære relasjonar mot personar i Lærdal kommune.

Arbeidet er sektorovergripande og krev innsats frå fleire tenesteytarar i alle fasar, difor er det viktig at arbeidet vert systematisert og kvalitetssikra gjennom denne planen. Den innheld også informasjon om tiltak innanfor tematikken som finst frå før og nyare tiltak og satsingsområde. Klikk her for å opna Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.